Av John Ragnar Myking – professor emeritus i historie , Høgskolen på Vestlandet.

Bygdetinget på 1600- og 1700-talet hadde mange funksjonar. Der vart det avsagt dommar og kravd inn skattar, men tinget var også ein offentleg arena der allmugen kunne løfta fram og løysa konfliktar seg imellom. Dette innlegget handlar om ei anna side ved tinget, tinget som politiske organ for bondesamfunnet. Var bygdetinget ein institusjon bøndene kunne bruka for å påverka styresmakter og embetsverk?

Den politiske sida ved bygdetinget kjem særleg klårt fram på 1500-talet. I tråd med tradisjonen frå seinmellomalderen brukte allmugen framleis tinget til arbeida ut semjer om plikter og rettar i bygdesamfunnet, ofte i samarbeid med representantar for styresmaktene. Og i den same rettstradisjonen fann danske styresmakter det framleis naudsynt å involvera tingallmugen når nye skattepålegg eller tiltak for å betra forsvarsevna skulle setjast i verk. Enno på byrjinga av 1600-talet finn me spor av det same mønsteret, men utover 1600-talet vart det lenger og lenger mellom kvar gong me møter denne måten å søkja konsensus hjå tingallmugen på.

Etter innføringa av einveldet i 1660 slutta bygdetinga å fungera som forhandlingsarena mellom bygdeallmugen og statsmakta. Derimot fungerte det framleis lenge som organ for motstand mot pålegg frå styresmaktene. Men også bygdetinget sin funksjonen som organ for protestar mot styresmaktene tok slutt. Tinget som offentleg rom for usemje med statsmakta vart snevra inn utover 1700-talet. Bak denne utviklinga skimtar me ein stadig sterkare og meir byråkratisk maktstat som held bygdetinget i stramme tøyler.

Sett under eitt er hundreåra frå midten av 1500-talet og fram til slutten av 1700-talet historia om korleis den dansk-norske statsmakta stadig snevra inn det rommet som bygdetinget opphaveleg hadde som politisk forum for bygdefolket.

Dag 2/sesjon 3 – kl. 09.30.

1000 år

Landslovjubileet 2024 / Nasjonalbiblioteket 1. februar 2024 – 14. september 2024

Utstilling
Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024 blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar.

Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg.

LES MER »

Se flere aktuelle saker her