Av Brage Hatløy – postdoktor ved Universitetet i Bergen

Kong Magnus 6 Håkonsson Lagabøte (1238–1280, konge frå 1263) gav Landslova i 1274. Noreg var frå gamalt av delt i fire lagdøme med kvart sitt lagting, der Eidsivating var eitt av dei, og kvart av dei fire lagtinga fekk frå kong Magnus kvar si nye lovbok som skulle gjelde i deira lagdøme. Det står i den nye lova at den var sett saman av lovbøkene frå heile landet, og bortsett frå einskilde variasjonar vart retten for første gong i stor grad lik over heile Noreg.
Tinget verkar å ha spelt ei sentral rolle i kong Magnus sine rettslege reformar, og med Landslova vart også deira funksjon i samfunnet vidareutvikla. Medan Landslova bygde på eldre rett, så inneheldt den også store endringar. Ikkje minst medførte den nye lova store endringar i forholdet mellom kongen og tinget, og forandra kva rolle tinget skulle spele i normskaping og konfliktløysing i samfunnet. Kongen kravde ei større rolle i nokre høve, mellom anna knytt til lovgivinga, der kongen og tinget i lang tid hadde samarbeidd om å gi lover. Samtidig så styrka den nye lova tinget i andre høve, mellom anna den funksjonen tinget hadde som konfliktløysande organ. Med støtte frå lagmannen, så skulle dei løyse konfliktar og gi dommar med utgangspunkt i kongen si lov. Dei utviklingane som kom med Landslova var ei vidareutvikling av roller som tinget hadde spelt i lang tid, og kom til å forme dei funksjonane tinget kom til å ha i lang tid framover.

Dag 1/sesjon 2 . kl. 13.15.

1000 år

Landslovjubileet 2024 / Nasjonalbiblioteket 1. februar 2024 – 14. september 2024

Utstilling
Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024 blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar.

Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg.

LES MER »

Se flere aktuelle saker her