Av Else Mundal – Professor Emerita, Norrøn filologi, Universitetet i Bergen

Forholdet mellom kongemakt og ting, individ og ætt var i endring gjennom heile perioden landskapslovene gjev eit bilete av. Eit klart bilete av kongen og maktapparatet hans får vi først frå det tidspunktet vi får samtidige skriftlege kjelder. Korleis forholdet var mellom kongen og tinget tidlegare, veit vi lite om, men det norske kongedømet i mellomalderen har to ulike utgangspunkt, omtalt som folkekongedømet, basert på makt over bondesamfunnet, og hærkongedømet. basert på rikdom frå vikingtokter og kontroll over leia. Kongens forhold til tinget må ein sjå i lys av dette doble utgangspunktet og i lys av den nye kristne førestellinga om “kongen av Guds nåde”.

Snorri seier at Håkon den gode “sette” Gulatingslova og Frostatingslova, men at Eidsivatingslova var “sett” av Halvdan Svarte. Kva det betyr at kongen “sette“ lova, er noko uklart, og opplysningar frå 1200-talet om tidlegare tider må vurderast kritisk, men opplysninga viser at på 1200-talet var oppfatninga at kongane på eit tidleg tidspunkt hadde ei rolle i lovgjevingsarbeidet. Bestemmelsar i dei bevarte lovene som truleg reflekterer ein tidleg periode, viser også korleis kongen – før det kongelege maktapparatet var utbygt – gradvis overtek funksjonar i forhold til lovgjeving, domsmakt og utøvande makt som tidlegare hadde ligge til bøndene på tinget. Dette vil det verte gjeve døme på i foredraget.

Parallelt med at kongen tek stadig sterkare kontroll over lovgjevinga, den dømande makta og den utøvande makta, stig individet klarare ut av ætta som rettssubjekt. Foredraget vil drøfte samanhengen mellom desse endringane og den rolla kristninga spelte for utviklinga.

Dag 1/sesjon 1 – kl. 10.30

 

Se flere aktuelle saker her